Tilbake

Av Randi Rostrup © 2004

Følgjande tekst vart skriven nærast i sjokktilstand i slutten av januar 2004, etter å ha oppdaga at tobakksprisen hadde auka med nærare 50 %. Eg vart så provosert av ei så kolossal auke at eg skreiv mest for å avreagera frustrasjon. I første omgang vart det ein lang e-post til ein ven, men dei oppdagingane om den statlege røykepolitikken eg gjorde undervegs i prosessen er så oppsiktsvekkjande at eg tykkjer dei burde vera tilgjengelege for fleire. Etter ei lett bearbeiding av den opphavlege e-posten og med innlagde lenker til det datagrunnlaget eg byggjer på, legg eg no ut teksten som ein artikkel. (Sist oppdatert og korrigert 30/1 2007).

«Eg er lurt!»

Refleksjonar kring den statlege røykepolitikken frå ein universitetsutdanna storrøykar

Sist fredag kjøpte eg tobakk for første gong i år og fekk sjokk då eg skulle betala. (Eg kjøper inn i stort av kvalitetsmessige omsyn, for einskildpakkar er oftast altfor tørre. Kjøper eg uopna 5-pakningar er eg sikra rimeleg god kvalitet og dei held seg dessutan bra i frysen. Så eg kjøper til vanleg to-tre 5-pakningar i slengen.) – Eg hadde ikkje fått med meg at tobakksavgifta skulle auka så voldsamt frå nyttår og trudde først at fyren i kassa hadde drite seg skikkeleg ut. Eg stod der som eit spørjeteikn når han forklarte saka og betalte nærast i sjokktilstand samstundes som eg raskt rekna i hovudet og braut ut i vantru at auka var på nærare 50 %. Det estimatet var ikkje så heilt borti natta, for når eg rekna ut skikkeleg etter at eg kom heim, vart auka 47,5 % i nett den butikken.

Først vart eg fly forbanna, mest av sjokket. Dernest tenkte eg at det kan vel ikkje vera lovleg å auka prisen på eit produkt i daglegvarehandelen med nærare 50 % frå den eine dagen til den neste. Hadde det ikkje vore for at det var ein fredag ettermiddag, hadde eg ringt til forbrukarombodet og spurt ein av juristane der om det ikkje var lover som regulerte den slags. I staden søkte eg litt rundt på internett for å sjå om det var nokre reaksjonar på avgiftsauka. Eg trong trøyst og medkjensle. Det fann eg ikkje, men eg fann stortingsproporsjonen frå i haust der det stod at ei auke av tobakksavgifta på 45 % for rulletobakk ville gjeva staten ei ekstra årleg inntekt på 645 millionar kroner. Kor mykje staten tek inn kvart år totalt i tobakksavgifter fann eg på heimesidene til Finansdepartementet. For kvart av åra 2000-2003 er det 7,474 milliardar! Då er truleg ikkje den siste auka teke med, slik at det for 2004 vert 8,1 milliardar. Etter kva ein kan lesa i Bergens Tidende er dei offentlege utgiftene som følgje av sigarettrøyking på 4,3 milliardar kroner. Staten har dermed ei netto inntekt på 3,8 milliardar frå oss røykarar. Då har dei vel heller ikkje teke omsyn til at røykarar lever kortare enn ikkje-røykarar og dermed sparer staten for ein del milliardar i pensjon og helsekostnadar ettersom mange av oss er døde før me treng offentleg omsorg ved høg alder. Staten tener såleis fett på oss røykarar og endå driv dei og hetsar oss og påstår at me kostar staten så uhorveleg mykje i helseutgifter. Eg tykkjer at det er direkte ureieleg at dei då ikkje trekk i frå det me faktisk sjølv betaler inn i form av avgifter før dei presenterer konkrete kostnadar.

No er eg sjølv i ein situasjon der dette her ikkje får økonomiske konsekvensar for meg, men eg trur nok at denne auka kan skapa ein heil del problem for folk som er mindre heldig stilt. Og nett det veit eg ein heil del om, for eg har vore fattig ein gong i tida, skikkeleg fattig, og då i ein periode over fleire år. Og det unner eg verkeleg ikkje nokon å oppleva! Den gongen prioriterte eg røyk og kaffi før mat. Eg trur fleirtalet av røykarar i same situasjon hadde gjort det same. Skulle eg den gongen ha vorte tvungen til å redusera røykinga, hadde eg fått eit stort problem i tillegg til alle dei eg alt hadde på den tida. Eg tykkjer skikkeleg synd på dei av røykarane som i dag har det trongt økonomisk. Denne auka kjem til å få negative konsekvensar for ganske mange av dei som frå før av har det vondt og vanskeleg.

Eg heldt fram med å søkja etter opplysningar. Ordet «røykere» gav kring 6000 treff. Eg sjekka dei første 300. Av desse var berre 8 (2,5 %) sakleg informasjon og reaksjonar på røykelova, resten var meir eller mindre skrekkpropaganda som mellom anna fortalde meg at eg hadde 10-20 gonger større risiko enn ikkje-røykarar til å døy av lungekreft. Ikkje mykje støtte å finna! Eg skreiv ut nokre interessante artiklar som eg las om kvelden. (1) Dagen etter bestemte eg meg for å sjå nærare på statistikken. No ville eg ha fakta: Kor sannsynleg var det eigentleg at eg ville få lungekreft?

Både på Statistisk Sentralbyrå (SSB) og i kreftregisteret fann eg skikkelege data som eg kunne rekna på (eg har to semesteremner i statistikk frå Blindern, så eg har ein viss føresetnad for ei realistisk vurdering). Resultatet var sjokkerande:

Eg er lurt!

Antirøykefanatikarane har lurt meg trill rundt med skrekkpropagandaen sin, slik at eg har gått rundt og trudd at eg hadde 40-50 % større sjanse enn andre for å få lungekreft og kom til å døy 10-20 år før andre. Såvidt eg kan vurdera er det rett at røykarar har 10-20 gonger større risiko enn ikkje-røykarar for å døy av lungekreft (stor skilnad mellom menn og kvinner), men det er det relative sannsynet (altså mellom to grupper), eit tal som er meiningslaust utan det talet som fortel kor mange som faktisk døyr av lungekreft her i landet, altså det absolutte sannsynet. Det talet fann eg på SSB. Av i alt 43.977 personar som døydde i året 2001 døydde 1857 av «Ondartet svulst i strupen, luftrør, bronkie og lunge» (sjukdomskategoriane C32-C34), altså noko meir enn rein lungekreft, men greitt nok for dette dømet. Det er 4,2 % av alle dødsfall i Noreg. (Tilsvarande tal for 2000, var 44.018 og 1814, som er 4,12 %). Fordeler ein dette på kjønn, vert det 5,4 % for menn og 3 % for kvinner. Desse tala seier ikkje noko om røykarar og ikkje-røykarar, men kor stor andel desse utgjorde, fortel ikkje statistikken noko om. Så vidt eg veit reknar ein med at (minst) 30 % av befolkninga var røykarar i 2001.(2) Då skulle statistisk sett 13.193 av alle dei som døydde i 2001 vera røykarar. Det vert hevda at 9 av 10 som døyr av lungekreft er røykarar. Av den grunn må me trekkja 10 % frå dei 1857 og står då att med 1671 røykarar som døydde av lungekreft i 2001 (i dei ovannemnde sjukdomskategoriane), fordelt på 612 kvinner og 1059 menn. Til saman vert det 12,7 % av alle røykarar, fordelt på 9 % kvinner og 16,4 % menn. No er andelen røykarar av dei som døydde i 2001 usikker. Set ein denne til 25 % av befolkninga vert dei tilsvarande tala 15,2 % for alle, fordelt med 10,8 % for kvinner og 19,6 % for menn. Det er innanfor desse tala ein finn det reelle sannsynet for lungekreft.

Men enno vantar nokre data for å få eit realistisk bilete av sannsynet, for skremselspropagandaen fortel vanlegvis ikkje kor gamle folk er når dei døyr av lungekreft. I første omgang nytta eg ein figur frå kreftregisteret som synte kor gamle folk i tida 1996-2000 var når dei fekk diagnosen lungekreft. Her er det svært stor skilnad mellom menn og kvinner, men generelt sett stig kurva frå og med årsgruppa 55-59 år (kring 60 tilfelle pr. 100.000) og når toppen for kvinner i årsgruppa 65-75 (140 pr. 100.000) og for menn i årsgruppa 65-85 (350-380 tilfelle pr. 100.000). Toppen for menn er i aldersgruppa 75-79, medan tilsvarande for kvinner er aldersgruppa 70-74. På den andre sida er talet på menn som får diagnosen dobbelt så høgt. Etterpå fann eg data i SSB frå 2001 som gjorde det mogleg å rekna ut gjennomsnittleg dødsalder for folk i dei same medisinske kategoriane som ovanfor. Insidensen på grunnlag av desse tala er den same som i figuren frå kreftregisteret, men gjennomsnittleg dødsalder i desse sjukdomskategoriane er for menn 70,5, for kvinner 68,8 og for alle 69,8 (med atterhald om at tala hjå SSB er gjevne opp i grupper på fem år og eg har rekna på grunnlag middelverdien i desse gruppene, i mangel av eksakte data.) No har eg ikkje data som fortel kor mange av desse som var røykarar og korleis desse eventuelt påverkar gjennomsnitta.

Vidare har eg sett på gjennomsnittleg levealder for alle i det same året. Då kan ein setja opp dette reknestykket for 2001:

    Alle Menn Kvinner
  Gjennomsnittleg levealder: 76,7 73,5 79,9
  Gjennomsn. alder v. død av kreft i lunger etc. (C32-C34) 69,8 70,5 68,8
= Differanse: 6,9 3,0 11,1

Dei som døyr av lungekreft lever gjennomsnittleg sju år mindre enn landsgjennomsnittet, menn berre tre år mindre, medan kvinnene heile elleve år mindre. På den andre sida er talet på kvinner som får kreft berre litt over helvta av mennene. Alderstala ovanfor inkluderer (sjølvsagt) også ikkje-røykarar som får lungekreft.

Forventa gjennomsnittsalder for kvinner på min alder er i dag kring 83 år (ut frå SSB sine estimatar). I slekta mi vert folk urgamle. Menn og kvinner på både mor og far si side i dei tre siste generasjonane vart temmeleg mykje eldre enn gjennomsnittet. Med slike gener skulle eg reint statistisk sett leva mykje lenger enn gjennomsnittet, til minst 89-90. Skulle eg få lungekreft, ville eg statistisk sett døy elleve år tidlegare, i ein alder av 78-79. Men det er altså berre 9-10 % sannsyn for at dette vil skje (om enn med eit visst atterhald om at denne prosenten ser ut til å vera aukande). Tilsvarande er det 16-18 % sannsyn for at ein gjennomsnittleg mann som røyker vil leva tre år mindre enn landsgjennomsnittet og døy i ein alder av 70. Sjølv når eg trudde at sannsynet var fem gonger så høgt, hadde eg korkje ønsker eller planar om å slutta. No kan eg halda fram med langt mindre skuldkjensle og dårleg samvit enn eg har hatt dei siste åra, og i trygg visse om at eg sanneleg har betalt min skjerv av rekninga om eg no allikevel skulle verta råka.

Risikoen for hjarte- og karsjukdommar som følgje av røyking er truleg nesten like høg som for lungekreft, men her er ikkje sambandet så eintydig som for lungekreft. Ettersom det omtrent berre er trugsmålet om lungekreft som figurerer i skrekkpropagandaen frå fanatikarane, har eg her vald å fokusera på lungekreft.

Noko anna som eg stussar over med dataene frå SSB er at omtrent alle folk døyr av sjukdom, sjølv dei som er over 85 og 90 år gamle. Der er vel lover som seier at det alltid skal gjevast opp ein dødsårsak, men det tilslører etter mi meining det faktum at når folk kjem opp i ein viss alder, døyr dei av elde. Å påstå noko anna er å seia at folk ville ha levd uendeleg om dei ikkje vart sjuke. Kva folk døyr av når dei er så gamle er eigentleg uvesentleg, for dei ville ha døydd uansett av alderdom. Poenget mitt er at folk over 85 eller 90 (eller ein viss alder over landsgjennomsnittet) burde ikkje vera med i generell sjukdomsstatistikk, for det tilslører dei faktiske tilhøva, i alle høve om ein vil seia noko vettig om årsak og verknad. Av den grunn ville ein truleg kunna ta bort nokre av lungekrefttilfella i reknestykka ovanfor og sannsynstala ville verta noko lågare.

Statleg desinformasjon, løgn og forfalsking

Når eg no har rekna ut det reelle sannsynet for at røykarar kan få lungekreft og funne at det er på 12-15 %, vert eg skikkeleg opprørt over åtvaringa på tobakkspakken min som ligg her ved sidan av meg. Der står det: «Tobakk gir alvorlige helseskader». Dette er direkte løgn. Det skulle ha stått: «Tobakk kan gi alvorlige helseskader». Det er også løgn å påstå at røykarar er ein utgiftspost når dei i røynda tilfører staten meir enn dei kostar. I tillegg har det vorte heilt klårt at det vitskapelege grunnlaget som er nytta for å underbygga lovforslag i samband med passiv røyking ikkje held forsvarleg vitskapleg standard, ettersom helseministeren gav oppdraget til to antirøykeforkjemparar som lét vera å leggja rapporten sin fram for dei andre forskarane i gruppa før han vart levert. Det er påvist at rapporten er svært tendensiøs. Sjølv nøler eg ikkje med å kalla slikt for «forfalsking». Vidare er det dokumentert at resultat frå høyringsinstansane har vorte forvrengde og gjort meir negative enn dei eigentleg var. Det er Erik Nord på Folkehelseinstituttet som skal ha den største æra av at dette kom fram i lyset. Han har gjort ein framifrå jobb med å påpeika dette. Og han er ikkje ein gong storrøykar, han skriv på heimesida si at han er «ikke daglig-røyker».

Kvifor opplyser dei berre om den relative risikoen for lungekreft og utelèt den absolutte? Verknaden er at folk oppfattar bodskapet som at det er den absolutte prosenten som er så høg. Dette er å halda folk for narr. Folk døyr dessutan ikkje gjennomsnittleg, dei døyr individuelt. Er det då forsvarleg å gå ut med skremselspropaganda om lungekreft for alle røykarar, all den tid berre 12-15 % vil verta råka i åra framover? (om enn noko aukande i dei komande åra.) Dette gjev folk ei mengd av problem i tillegg til røykinga. Redusert sjølvkjensle og sjølvrespekt som følgje av den mobbinga som no nærast har vorte legitimert av Helsedirektoratet, skamkjensle over ikkje å klara og slutta, angst for sjukdomar (som det eigentleg er heller låg risiko for), dårleg samvit fordi ein kan koma til å kosta samfunnet store summar. For dei som frå før har dårleg råd, kjem no også økonomiske problem på toppen. Lista kunne sikkert gjerast endå lenger.

Ettertanke

Utgangspunktet for etterrøkinga ovanfor var at eg vart sjokkert og forbanna over at dei sette opp tobakksavgifta med 45 % (i praksis ei prisauke på 47,5 %). Tidlegare har eg ikkje hatt noko større interesse av å setja meg inn i dette emnet. Når eg no allikevel gjorde det, vart resultatet ein (for meg) oppsiktsvekkjande konklusjon: Helsedirektoratet driv med systematisk desinformasjon (med regjeringa si velsigning). Dei set dessutan fram løgner (at røyking alltid leier til helseskader), at risikoen for å få spesifikke sjukdomar er mange gonger høgare enn han faktisk er, at det vitskaplege grunnlaget for nye lovframlegg om passiv røyking ikkje held mål fagleg, at dei gjev att høyringsutsegner feilaktig slik at dei støttar eiga sak og at dei lèt vera å opplysa om at staten, etter at helsekostnadene er betalte, faktisk tener mellom 3 og 4 milliardar kroner årleg på at folk røyker.

For å ta det siste først: Kvifor kom denne avgiftsauka på rulletobakk nett no? Kan det vera fordi denne inntektskjelda har vorte redusert dei siste åra som ein direkte konsekvens av at folk har slutta å røyka? Eg har ikkje tal som kan stadfesta dette, men det er slett ikkje urimeleg ettersom talet på røykarar har gått ned dei siste åra. Staten treng heilt openbert inntektene me gjev dei, men vil samstundes at me skal slutta. For meg vert dette ein underleg dobbeltmoral. Skal det vera rettvise i saka, får dei sanneleg også ta med dei reelle økonomiske sidene av saka når dei uttaler seg om røyking og auka helsekostnader.

At staten driv med regelrett desinformasjon, løgn og forfalsking får meg verkeleg til å undra på kva motivet for antirøykekampanjen er. Eit ønske om betre helse (og av den grunn mindre helsekostnader) for einskilde risikogrupper er i og for seg eit edelt nok motiv, men når dette vert så viktig at dei tek uheiderlege metodar i bruk, meiner eg at det er på høg tid å sjå etter om det kan vera andre og underliggjande motiv til stades.

Heile antirøykekampanjen minner om eit heilag krosstog. Det er noko demagogisk og svovelpredikantaktig over heile saka. Eg har litt problem med å sjå skilnaden på «Lever du ikkje i pakt med Gud, hamnar du i helvete» frå 1930-talet og dagens «Sluttar du ikkje å røyka, døyr du». Felles for begge er at dei er trugsmål og at syndarane vil verta straffa om dei ikkje vender om. Eitt problem, slik eg ser det, er at røykarane vert straffa alt lenge før dei eventuelt får straffa si i form av ein for tidleg død, gjennom den hets og mobbing som dei vert utsette for. Av nokre vert dei sett som årsaka til alt gale i samfunnet. «Om berre alle slutta å røyka, ville verda vera ein mykje betre plass å leva». Slik tenkjer berre ein fanatikar. Intensiteten i hetsen, saman med dei ureielege metodane, får meg til å tru at her må det liggja moralske tema til grunn. Metodane som vert nytta i pakt med prinsippet om at «målet heilager midla» peikar i same retning, likeins «synd og straff»-aspektet. Fanatikarar har alltid ei sterk tru på noko, så sterk at det vert som ein religion. Men kva slags tru eller religion med tilhøyrande moral kan det her vera snakk om?

At me dei siste åra har hatt ei kristeleg folkeparti-regjering, har berre litt å seia, trur eg. At helseministeren er ein mann frå det same partiet, trur eg er langt viktigare. Om dei som kallar han «mørkemann» med det meiner at han tar gleda frå folk, kan eg vel nesten vera samd med dei i det. I nynorskordboka er «mørkemann» definert som «motstandar av opplysning og tankefridom», det same i bokmålsordboka. Karakteristikken er høveleg i den mon helseministeren faktisk gjev folk feil opplysning og samstundes nektar røykarane fridom til å leggja sine eigne vurderingar til grunn for sine val.

Kristendomen er berre ein religion, men ikkje den viktigaste nett her, trur eg. Så vidt eg kan skjøna er ikkje fleirtalet av antirøykefanatikarane kristelege. Det er ein religion av nyare dato som nok spelar ei langt større rolle her, nemleg kropps-, utsjånad- og helsereligionen. Idealet om «det perfekte og sunne mennesket» med tilhøyrande kroppsfiksering har i einskilde krinsar vorte så viktig at det går det tilsvarande idealet frå antikken ein høg gang. For desse har helse vorte den einaste saliggjerande vegen til frelse – eller «lukke», som er dagens nemning for det same. I denne nye religionen med helse- og kroppsfiksering finst det også sterke moralske element. Eit illustrerande døme kom fram i eit intervju med Finn Skårderud for nokre år sidan. Då fortalde han om opplevingar frå ei reise han hadde vore på i USA. I einskilde strok og krinsar der, sa han, hadde det vorte meir umoralsk å eta ein sjokolade enn å vera utrugen. Det er ikkje vanskeleg å tenkja seg kor umoralsk det ville vera å røyka i dei same krinsane.

Slik sett kan det sjå ut til at me her står andsynes ei forening av to ulike «religionar» med felles mål, omtrent på same måte som kristenfolket og dei radikale feministane kjempa side om side mot porno på 1970-talet, om enn på ulikt ideologisk grunnlag. Det felles målet no er å folk til å stumpa røyken, kosta kva det kosta vil. Målet er å endra vanar og tenkjemåtar til folk, slik at dei høver med styresmaktene sine verdiar. Eit anna ord for dette er disiplinering, velkjend frå historien.

Eit historisk tilbakeblikk: Vert kriminalisering av røyking neste steg?

At styresmaktene strevde hardt med å disiplinera folk på 1500- og 1600-talet er velkjent. Eg var berre så vidt inne på det i den siste artikkelen min i «Ætt og Heim», (3) men har skrive ein heil del om det i samband med endringane i seksuallovgjevinga etter reformasjonen (førebels upublisert):

Etter reformasjonen skjedde det kraftige endringer i lovgivningen ved at en rekke nye handlinger ble kriminalisert. Bibelens Moselover ble nå lagt til grunn og fulgt nærmest bokstavelig. Fra 1687 ble enhver form for kjønnslig omgang utenfor ekteskapet forbudt ved lov og dermed også straffbart. En av hovedfaktorene i religionsutøvelsen etter reformasjonen, og som medvirket til disse radikale endringene i lovgivningen, var forestillingen om en straffende og hevngjerrig Gud som kunne skade hele samfunnet dersom hans ord ikke ble fulgt, slik det f.eks. kommer til uttrykk i forordet til Christian IVs norske lovbok av 1604:
« … at onde, vretferdige oc vdædiske mennisker, som met deris vretferdige oc vtilbørlige gierninger højligen fortørner Gud, oc der met offte foraarsager Guds heffn oc vrede, baade offuer dennem selff oc andre: de mue fange ved christelig oc retferdig dom deris tilbørlige straff: oc fromme oc vskyldige mennisker for slige onde folckis ondskab og treeskhed maa vere frje oc forskonit.»
For at Guds vrede ikke skulle vekkes var det nødvendig med oppdragelse og opplæring ledsaget av kontroll og sanksjoner. Seksuelt samkvem som var i strid med Guds forskrifter – Bibelen – måtte derfor straffes, ellers ville Gud hjemsøke hele samfunnet med sin vrede i form av pest, krig eller andre ulykker. Det var øvrighetens plikt å tilse at alle dets undersåtter levde et liv i tråd med Guds ord, ellers ville uskyldige personer bli rammet av en katastrofe. En persons handlinger var derfor ikke et personlig anliggende mellom ham og Gud, men en handling som vedrørte hele samfunnet. Landets undersåtter måtte derfor disiplineres.
Både verdslige og kirkelige sanksjoner ble tatt i bruk for å bekjempe folks syndige atferd. I tillegg til høye bøter, ble det innført kirkelig disiplin hvor synderen først ble bannlyst fra prekestolen og utestengt fra nattverden, for deretter i menighetens påhør bekjenne sine synder, hvorpå presten så ga syndsforlatelse og synderen/lovbryteren kunne så motta nattverd. Opprinnelig var ikke dette tenkt som noen straff, men som en innlemmelse i menigheten av en angrende synder. I praksis fungerte imidlertid det offentlige skriftemålet ofte som eksempel til skrekk og advarsel for resten av almuen, og hvor den arme synderen ble grovt refset av presten.

Som ein her kan sjå, vart den nye moralen handheva ved stadig strengare straffar for den som synda både i form av bøter og i form av offentleg utskjelling av presten i kyrkja i nærvær av allmugen. Parallellane til utspela frå helsedirektoratet er påfallande. Åtferd i strid med styresmaktene sine verdiar (røyking) vert møtt med trugsmål om vanhelse og snarleg død, av einskildpersonar ofte sett fram offentleg i ei sjikanerande og foraktfull form som ikkje står tilbake for refsinga frå prestane på 1600- og 1700-talet. Dei stadig aukande avgiftene for syndarane/røykarane i dag er ein klår parallell til dei aukande bøtene for 250-300 år sidan. Det er også eit påfallande samsvar mellom påstanden om dei massive skadane som røykarane påfører ikkje-røykarane (noko som altså ikkje kan dokumenterast) og trua på at Guds straffedom ville råka alle for den einskilde sine syndar. Eller sagt på ein annan måte: Den einskilde syndaren/røykaren påfører alle andre skade, ved at uskuldige vert straffa med sjukdom og auka statlege helsekostnader, kostnader som må betalast av alle. Den som synda og dermed ikkje retta seg etter staten sitt påbod vart på 1600- og 1700-talet kalla ulydig. Straffa for ein tilsvarande «ulydnad» i dag (røyking) kjem i konkret form som auka avgifter og i moralsk form som mobbing og trugsmål om død og forderving. Kva vert no det neste: Kriminalisering, som på 1600-talet?

Også dobbeltmoralen gjer seg tydeleg gjeldande: På 1600- og 1700-talet tente kongen gode pengar på folk sine synder (brot på seksuallovgjevinga). Historikarar som skriv om dette i dag påpeikar ofte dette mishøvet og kritiserer den openberre dobbeltmoralen. På same måten treng staten i dag dei avgiftspengane som røykarane supplerer statskassa med, samstundes som dei helst vil at folk skal slutta å røyka. Det er i og for seg greitt nok med avgifter, men å underslå det faktum at staten faktisk tener fett på røykarane og ikkje tek dette med i reknestykket over helsekostnadene, er like dobbeltmoralsk som på 1600- og 1700-talet. Eg lurer på korleis historikarar vil skriva om røykesaka om 200 år, på kva slags teoriar dei då vil setja fram for å forklara korleis politiske vedtak i 2003 kunne fattast på eit grunnlag like sakleg som 1600-talstrua på at Guds straffedom ville råka heile samfunnet dersom folk fekk born utan å vera gifte.

Eg har stussa ein heil del over den totale mangel på medkjensle og toleranse frå mange av fanatikarane, og som legitimerer hets og mobbing. Eg har lurt på om dette er eit behov i folk flest, om folk treng nokon å hata, treng syndebukkar å skulda på når ting ikkje går så bra. Dette er kanskje ein medverkande faktor i nokre få einskildtilfelle, men knappast generelt. I det ovannemnde perspektivet med oppfatninga om at alle vert straffa for synder som einskilde personar gjer, vert derimot ei slik haldning meningsfull. Då vert det heilt legitimt å hetsa dei som øydelegg for andre. Dei trur fullt og fast at dei har einerett på sanninga og handlar deretter. Desinformasjonen frå helsedirektoratet om skadeverknader langt utover det som er realistisk, er sjølvsagt med på å forsterka ei oppfatning av røykarar som fæle og omsynslause menneske som fortener å få høyra at det er slik dei er. På den andre sida har eg problem med å forstå kvifor dei sidene av saka som eg har påpeika her ikkje har fått større merksemd og har vorte slått større opp i media. Har også journalistane late seg lura av den statlege desinformasjonen slik eg sjølv har vorte lurt?

Som røykar er eg alltid på defensiven. Det er vanskeleg å protestera, for då risikerer eg hets og forakt. Eg har prøvd meg eit par gonger, men røynslene er så ubehagelege at det gjer eg ikkje ein gong til. Den nedvurderinga eg alt er utsett for frå alle kantar vil eg helst ikkje ha meir av. Samstundes ønsker eg slett ikkje å oppmoda andre til å røyka og ser helst at alle gode krefter vert sett inn på å hindra at dei unge byrjar å røyka. Men kvifor kan dei ikkje lata oss gamle og inngrodde i vanane få vera i fred! I staden kjens det mest som om staten oppmodar til mobbing av røykarane. Det har vorte legitimt å vera opent foraktfull andsynes røykarar, me har no kome i same kategori som narkomane og alkoholikarar. Når det i tillegg vert openbert at dei tala dei nyttar i skremselspropagandaen gjev eit skeivt bilete av sanninga, er det berre rein fanatisme og moral som står att som motivasjon for antirøykepolitikken til regjeringa. Det neste utspelet frå den kristelege helseministeren vert vel «Anonyme Røykarar» i kristeleg regi.....

Medan eg har skrive dette har det runne meg i hu eit sitat, visstnok uttalt av ein amerikansk president ein gong for lenge sidan. Det går omtrent slik: «Regjeringa kan lura nokre av folket heile tida, heile folket noko tid, men aldri heile folket heile tida.» Først no har eg vakna opp sjølv og har oppdaga at eg har vorte lurt og har skrive ned dei tankane eg har gjort meg dei siste par dagane om den statlege røykepolitikken. Er det fleire som etter kvart vaknar opp og gjer seg liknande tankar?

Noter
1. Mellom anna desse: «Uetterrettelighet om røyking i den sentrale helseforvaltning», Tidsskrift for den norske lægeforening 2003, Vi dør ikke gjennomsnittlig, eller ...?, Røykere er ikke gale, Kynisk eller redelig røykeforskning? og Røyking – bare farlig for noen?.
2. Kommentar i juli 2005: Etter Dagsavisen 5/7 2005 er andelen røykarar i Noreg gått ned frå 33 til 26 % sidan 1998. Tillegg januar 2007: Etter same avis 31/12 2006 røyker 30 % av alle vaksne, av desse 25 % dagleg.
3. Randi Rostrup: «Ætt og annet om prester i Rogaland og Setesdal». Ætt og Heim 2003, Rogaland Historie- og Ættesogelag, Stavanger 2003, s. 61-156. På sidene 92 og 98-99 skriv eg litt om statleg disiplinering og om lydnad, i samband med Esaias Bugge, sokneprest i Setesdal 1659-1697. Han kom på kant med bygdefolket fordi han kravde meir i løn av dei enn han hadde rett på og fekk styresmaktene over på si side, og om dotter hans som han ikkje lét gifta seg med den guten ho var glad i. Det gjorde ho no allikevel og for denne ulydnaden gjorde faren henne arvelaus.